Gerard Nijboer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gerard Nijboer
Remove ads

Gerard Nijboer, fullt namn Gerardus Hermanus Maria Nijboer, (fødd 18. august 1955) er ein nederlandsk tidlegare maratonløpar frå Hasselt i Overijssel. Han vart europameister på distansen i 1982, to år etter han vann OL-sølv.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Nijboer vann 26. april 1980 Amsterdam maraton på 2.09.01, ei tid som då var den nest beste i maraton i verda. Tida vart òg hans livsrekord og var nederlandsk bestetid i maraton i 23 år. Seinare vann Nijboer maratonløpet i Amsterdam også i 1984, 1988 og 1989. Opp mot maratontevlinga ved dei olympiske sommarleikane i juli månad same året vart han plaga med sjukdom. Likevel makta han å vere med i ei tetgruppe på fem løparar inn mot stadion. Til sist makta tittelforsvararen frå Montreal, Waldemar Cierpinski, å drage frå, medan Nijboer på si side la dei tre utøvarane frå arrangørlandet Sovjetunionen bak seg. I mål skilde det 17 sekundar fram til Cierpinski og 15 bak til Satymkul Dsjumanasarov.

Den 12. september 1982 vann Nijboer gullmedaljen i maraton ved europameisterskapen i Aten. Han var godt over halvminuttet føre dei to belgiarane Armand Parmentier og Karel Lismont som tok sølv og bronse. For prestasjonen i Aten vart Nijboer kåra til årets nederlandske idrettsutøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads