Getafe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Getafe er ein by sør i storbyområdet til Madrid i Spania og ein av dei mest folkerike og industrialiserte byane i kommunen. I byen ligg ein av dei eldste spanske militære flybasane, samt Universidad Carlos III de Madrid. Her ligg òg Cerro de los Ángeles som vert rekna som det geografiske midtpunktet på Den iberiske halvøya.[1] Byen ligg 13 km sør for sentrum i Madrid.[2] Han ligg på eit flatt område i Meseta Central i nedslagsfeltet til elva Manzanares.
Plasseringa nær Madrid gjorde at Getafe vart kraftig industrialisert på 1900-talet. Dette førte til ein folkeauke og byen har i dag i underkant av 200 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
![]() |
Historia til Getafe kan delast inn i tre perioadar. Den første perioden varte frå førhistorisk tid til 1326 då det fanst forskjellige siviliasjonar og landsbyar i området, sjølv om Getafe sjølv ikkje eksisterte som ein kommune. Den andre perioden varte frå 1300-talet til 1900-talet då Getafe vart ein liten by som sakte utvikla seg. Den tredje perioden starta på 1900-talet og held fram framleis. Getafe har då endra seg frå ein liten jordbruksby til ein stor industriby med stor auke innan handel, industri, folketal og storleiken på byen.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads