Gete Wami

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gete Wami
Remove ads

Getenesh Wami Degife, kjend som Gete Wami, (fødd 11. desember 1974) er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 10 000 meter i 1999 og elles vann ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar på langdistansar i olympiske leikar og verdsmeisterskap i friidrett i tida 1996-2001.

Kjappe fakta

Wami sprang inn til tredjeplass på 10 000 meter under Sommar-OL 1996 i Atlanta, fem sekundar bak vinnaren Fernanda Ribeiro frå Portugal. Tre år seinare slo ho spurtsvake Paula Radcliffe og vann gullmedaljen på same distansen då friidretts-VM fann stad i Sevilla.

I august 2000 sette Wami i Heusden afrikansk rekord på 5 000 m med 14,30,8. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney i slutten av september månad kneip ho bronsemedaljen på 5 000 m framom landskvinna Ayelech Worku, begge klart slått på oppløpssida av Gabriela Szabó og Sonia O’Sullivan. Fem dagar seinare sette Wami personleg rekord på 10 000 meter med 30.22,4 og tok sølvet framom Fernanda Ribeiro, gullet gjekk til Derartu Tulu på 30.17,4. I sin siste store meisterskap, VM 2001, sikra Wami etiopisk storeslem på 10 000 meter då ho slo Paula Radcliffe med 0,08 sekundar i kampen om bronsen, gullet og sølvet tok landskvinnene Tulu og Berhane Adere seg av.

Etter 2001 tevla Wami i maraton. Ho vann maratonløpa i Amsterdam 2002, San Diego 2005, Berlin 2006 og 2007.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads