Giewont

From Wikipedia, the free encyclopedia

Giewontmap
Remove ads

Giewont er eit fjellmassiv i Tatrafjella i Polen med ei høgd på 1894 meter over havet.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Det består av tre toppar:

  • Vesle Giewont - (polsk Mały Giewont, 1728 m)
  • Store Giewont - (Wielki Giewont, 1894 m)
  • Lange Giewont - (Długi Giewont, 1867 m).

Det er ein fjellovergang mellom Store og Lange Giewont kalla Szczerba (1823 m). Han går mellom dalane (doliny) Kondratowa, Małej Łąki og Strążyska. Lange Giewont og Store Giewont ligg oppfor den nærliggande byen Zakopane, og er godt synleg her frå.

På Store Giewont står det ein 15 meter høgt stålkross og mange pilegrimar kjem her. Det er derimot farleg å opphalde seg her under torevêr.

Geologisk består Giewont av dolomitt- og kalksteinsgrotter, og av gneis og granitt i den sørlege delen.

Den første kjende klatringa av toppen vart gjort i 1830 av Franciszek Herbich og Aleksander Zawadzki (ikkje kommuninsten på 1900-talet). Første gong fjellet vart klatra om vinteren var i 1904 av ei gruppe på fire fjellklatrarar leia av Mariusz Zaruski.

Giewont ligg i den polske Tatra nasjonalpark (Tatrzański Park Narodowy). I polske folkeminne er det knytt til ei segn om ein sovande riddar som vil vakne når Polen er i fare. Profilet til fjellet kan sjå ut som ein liggande riddar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giewont


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads