Dolomitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dolomitt er eit karbonatmineral som består av kalsium magnesiumkarbonat CaMg(CO3)2. Ordet dolomitt vert òg nytta til å skildre sedimentær karbonatbergart, som hovudsakleg består av mineralet dolomitt (òg kalla dolomittstein).
Det har stor likskap med kalsitt (kalkspat), men kan skiljast frå dette ved at det ikkje brusar i kald, fortynna saltsyre.
Mineralet har namn etter Dolomittane, der det opptrer i store mengder. I Noreg finst det større førekomstar av dolomittbergartar i Nord-Noreg, som Salten, Rana og Porsanger. Det vert henta ut dolomittstein i Sørfold, Fauske, Vefsn og Ballangen er i drift og sysselset om lag 50 personar. Årsproduksjonen av dolomittstein i Noreg ligg på 900 000–1 mill. tonn
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads