Gillette Castle State Park
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gillette Castle State Park er ein delstatspark i Connecticut i USA, som ligg kring Gillette Castle høgt over Connecticut-elva i byane East Haddam og Lyme. Den slottsaktige bygningen blei utforma og bygd av William Gillette (1853-1937), ein amerikansk skodespelar som er best kjend for å spela Sherlock Holmes på scenen. Gillette budde på staden frå 1919 til han døydde i 1937.[1] Delstaten Connecticut kjøpte eigedommen i 1943 for 29 000 dollar.[2][3]
Parken ligg ved River Road 67 i East Haddam og består av slottet (som ligg i Lyme) og eigedommen rundt. Han får kring 350 000 vitjande kvart år.[1] Parken opna igjen i 2002 etter ein fire år lang restaurasjon som kosta 11 millionar dollar. Han hadde no eit besøkssenter og museum, turstiat og eit piknikområde.[4]
Remove ads
Historie
Bygningen reist av William Gillette, kalla Seventh Sister og omdøypt til «Gillette Castle» av Connecticut State i 1943,[5][6] blei bygd mellom 1914 og 1919 med eit tilbygg ferdigstilt i 1924.[7] Det ligg på ein 184 hektar (74 ) stor eigedom på toppen av den sørlegaste delen av ei åsrekkje kjend som Seven Sisters. Gillette døydde utan å etterlata seg kone eller barn, og testamentet hans forbaud at heimen hans skulle eigast av ein «blithering sap-head who has no conception of where he is or with what surrounded». Connecticut tok over eigedommen i 1943, og gav han namnet Gillette Castle State Park. Han blei lagt til det nasjonale registeret for historiske stader i 1986.[8][9]
Gillette hadde opphavleg planlagt å byggja staden han skulle tilbringa pensjonistlivet sitt ved på Long Island, men oppdaga Seven Sisters-klippene då han kryssa Connecticut-elva i husbåten sin «Aunt Polly».[2][3][5][10]
Gillette designa huset sjølv og oversåg bygginga.[6] Byggearbeidet blei utført av Porteus-Walker Company, ei verksemd basert i Hartford i Connecticut grunnlagt av ein barndomsvenn av Gillette, Robert Porteus.[9] Bygningen er blitt skildra som å vera utforma i ein mellomaldergotisk stil, som eit «amerikansk eventyr» med europeisk islett, eller som «ei merkeleg blanding av viktoriansk og arts and crafts».[1][2] Bygget blei også omtalt som «Gillette's Folly».[3]
Bygget har tre etasjar pluss tårn, 24 rom, og ei golvflate på 14 000 kvadratmeter. Det er bygd i tre, sement og naturstein frå Connecticut, halde oppe av ei stålramme.[9][1][6][11][12] Den utvendige delen av huset er dekka av naturstein .[9] Treverket i huset er handskoren kviteik.[6][5] Nokre stadar blei bjelkane sette rett inn i steina, berre forankra av sement.[12] Særleg veggane blei bygde på ein måte liknande ein teaterscene, utan støttebjelkar eller mørtel på viktige stadar.[12] Det er blitt omtalt som eit under at bygningen ikkje fall saman før han seinare blei restaurert og sikra for fleire millionar dollar.[12] Isolasjon i bygget var mellom anna tang og papir.[2] Det tok 20 arbeidarar frå 1914 til 1919 (5 år) å fullføra bygginga, som totalt kosta over 1 million dollar på den tida.[3][6][3] Gillette budde i huset i desse åra, og han leidde og oversåg ei mengd utsmykkingar utført av lokale handverkarar.[6]
Interiørstilen speglar craftsman-estetikken som blei utbreidd av Gustave Stickley.[9] Det finst ei rekkje særeigenheiter inne i huset som var personleg utforma av Gillette og som blir sagt å vera døme på hans «kreative geni».[6] Dei inkluderer:
- 47 unike dører og dørlåsar i heile slottet.[12] Kvar dør har ein steampunk-liknande lås som er skoren ut av tre.[6][5] Låsane er kunstferdig utforma slik at det å låsa opp desse dørane er ei spanande utfordring.[11][12]
- Unike møblar som innebygde sofaer og eit rørleg bord på skjener.[5][6]
- Lysbrytarar i utskore tre.[6]
- Ein stor balkong i den øvre etasjen som går rundt hovudrommet nedanfor.[13] Veggene i andre etasje er svært låge. Dette arkitektoniske trekket kan teoretisk sett ha blitt brukt til å gjera at Gillette verka høgare for gjestane sine som såg opp på han frå underetasjen.[2]
- Ein handskoren bar, opna med ein hemmeleg lås.[12]
- Ei rad speglar over den store salen som gjorde at Gillette kunne sjå på gjester frå soverommet sitt. Dette designeet trur ein hjelpte han til å spionera på gjestene og tre fram med dramatisk effekt.[5][11][12]
- Et brannsløkkingssystem[5] komplett med vasstårn som er integrert i utforminga av huset, som gjev vatn til eit unikt manuelt sprinkleranlegg i andre etasje.
- Hemmelege dører, gangar og rom. Ei hemmeleg dør nær trappa som førte til resten av huset lét Gillette raskt, uventa og teatralsk tre fram for å skremma eller ønska gjestene sine velkommen. Det hemmelege rommet er berre tilgjengelig gjennom ei trapp som kjem fram nå ein trekk i eit handtak. Rommet er lite, og har ein peis.[11][1][5]
- Ei stor tretrapp til overetasjane.[13]
Huset var særskild dekorert med fleire Tiffany-lampar laga av glasstykke frå flasker.[12] Det hadde òg ei oppvarma seng. På eit tidspunkt delte Gillette huset sitt med opptil 17 katter. Han utforma elegante katetleiker for dei.[5]
Gillette var svært glad i smalsporsjernbanen sin på 3 mile, som hadde eit omfattande system av sporvekslar, bukkar, bruer og ein tunnel.[9] Vitjande, som skal ha inkludert Albert Einstein, Helen Hayes og Charlie Chaplin, kunne reisa med jernbanen rundt eigendomen og gå langs klippene ved Connecticut-elva, som var over 100 fot høge.[1][2][12] Jernbanen hadde både damplokomotiv og elektrisk lokomotiv, og blei seinare kjøpt av Lake Compounce i Bristol i Connecticut. Dei resterande spora blei tekne bort og banenettet blei gjort om til gangstiar.[1] Lokomitva blei donerte til parken att i 1992, og er no stilte ut ved besøkssenteret på staden.[1] Gillette sin «Grand Central Station» -stasjon er att, i lagg med ein kopi på taket av ein kattefigur i metall.[1][2]
I området var det også ein rotkjeller, gangstiar med svært bratte trinn, eit toetasjes hus til tenarane, ein liten gammaldags låve, bogebruer i stein, bukkar i tre på opptil 40 fot (12 m) og eit fiskevatn.[6][9]
Remove ads
Galleri
- Gillette Castle
- Utsyn frå Connecticutelva.
- Gillete Caste frå eit utsynspunkt ved Connecticutelva.
- Slottet sett frå sida.
- Restar av ei trebru utforma av Gillette.
- Biblioteket inne i slottet.
- Connecticutelva sett frå utsynspunktet bak slottet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads