Girolamo Savonarola
italiensk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Girolamo Savonarola (21. september 1452–23. mai 1498) var ein italiensk botspredikant og reformator frå Ferrara. Han vart brent som kjettar i Firenze.

Savonarola var i 1490 lærar for munkane i dominikanarklosteret San Marco i Firenze, frå 1491 prior ved klosteret. Etter å ha studert Bibelen og Thomas Aquinas grundig, fekk han stort gjennomslag som botspredikant. Han snakka høgt om religiøst og moralsk forfall, og kom med profetiar om ein frykteleg straffedom mot folket.
I 1494 tolka bybuarane i Firenze som om profetiane skulle slå til, og Savonarola vart den øvste leiaren i byen. Fram til 1497 gjennomførte han eit teokratisk styre på demokratisk grunnlag.
Savonarola fekk mange fiendar, og vart lyst i bann av paven. Pest og økonomiske nedgangtider førte til at han mista tiltru. Han vart fengsla, dømd til døden, og brend på bålet etter førutgåande tortur.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads