Pave Aleksander VI
spansk prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aleksander 6. (1. januar 1431–18. august 1503) var ein spanskfødd, katolsk kyrkjeleiar som var pave frå 1492 til 1503. Han var både på fars- og morssida av den spansk-italienske adelsætta Borgia.
Morbroren, pave Calixtus 3, skaffa Aleksander embete i kyrkja og store eigedomar. Sjølv var han ein typisk representant for samtida; handlekraftig, listig og tidvis omsynslaus. I 1494 stod han bak den langtrekkande Tordesillasavtalen. Avtalen sette ei skiljelinje i Atlanterhavet mellom Spania og Portugal sine interesseområde. Dominikanaren Girolamo Savonarola kalla Aleksander for den verste representanten for umoral i kyrkja. Paven svarte med å lyse Savonarola i bann og fekk han brent som kjettar.
Pave Aleksander 6. var far til kjende og berykta folk som Cesare og Lucrezia Borgia.
Remove ads
Kjelder
- «Alexander 6.» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads