Girondins Bordeaux
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Football Club des Girondins de Bordeaux, til dagleg Girondins Bordeaux eller einast Bordeaux, er ein fotballklubb i Bordeaux i Aquitaine-regionen i Frankrike. Klubben, som vart skipa i 1881, spelar i Ligue 1, toppdivisjonen i fransk fotball. Han hadde si stordomstid i 1980-åra.
Girondins Bordeaux vart grunnlagt som eit idrettslag der det vart drive i ulike idrettsgreiner. Fotballklubben er ein av dei mest suksessrike i Frankrike, med seks seriemeistertitlar, den siste i 2009. Bordeaux har også vunne tre nasjonale cupmeisterskap (Coupe de France). I 1996 spela klubben seg fram til finalane i UEFA-cupen, der det vart tap i begge kampane mot Bayern München.
Bordeaux spelar heimekampane på Stade Chaban Delmas, eit tribuneanlegg frå 1938 med plass til 34 694 tilskodarar. Laget spelar i mørkeblå drakter.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «FC Girondins de Bordeaux» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads