Aquitaine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aquitaine (oksitansk Aquitània, baskisk Akitania) er ein tidlegare fransk region som låg sørvest i Frankrike. Han hadde grense til Spania over Pyreneane og kyst mot Atlanterhavet. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[2]

Remove ads
Geografi
Aquitaine dekkjer eit areal på 41 308 km², 7,6 % av det totale arealet til Frankrike. Han grensar til Spania i sør, til Midi-Pyrénées i aust, til Poitou-Charentes og Limousin i nord og til Biscayabukta og Atlanterhavet i vest.
Av større byar i Aquitaine finn ein Bordeaux, Pau, Bayonne, Mont-de-Marsan, Biarritz, Bergerac og Périgueux.
Av geografiske kjennemerke finn ein:
- Côte d'Argent, ei av dei mest kjende kyststripene i Frankrike
- Bassin d'Arcachon, ein stor lagune som er kjend for dyrkinga av østers.
- Elvemunningen Gironde som vert danna av elvene Garonne og Dordogne.
- Den sørlege delen av regionen inneheld delar av Pyreneane
- Dune de Pilat, nær Arcachon er den største sanddyna i Europa.
Remove ads
Byar
- Mont-de-Marsan
- Pau
- Périgueux
- Pessac
- Saint-Médard-en-Jalles
- Talence
- Villenave-d'Ornon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads