Giske
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Giske er den minste øya i Giske kommune, og har 842 innbyggjarar (2024). Tettstaden Giske ligg på øya. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane.
Remove ads
Kultur

Namnet Giske er truleg avleia av norrønt gizki, 'duk' eller 'klut', som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungeætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.
Øya har fornminne frå mange epokar, som Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå mellomalderen og det tidlegare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir vist fram anna kvar sommar, fortel soga om Arnungane.
Remove ads
Geografi

Øya har ei flatevidd på 2,67 km². Ørnebakken på 26 moh. er det høgaste punktet.
Ho blei forbunden med fastlandet i 1987, då bru til Valderøy stod ferdig. Vegnettet blei seinare utvida med ein undersjøisk tunnel til Godøy.
Våtmarksområdet Makkevika er eit freda fuglemområde. Strandlina har mange fine sandstrender som blir brukte av både fastbuande og tilreisande. Dei mest besøkte strendene er sanden ved brua og Øygardsjøen. På Kvalneset, vest på øya, tørka ein tidlegare fisk.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
194 | 468 | 592 | 842 |
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads