Gjesåssjøen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gjesåssjøenmap
Remove ads

Gjesåssjøen er ein innsjø som ligg i Åsnes kommune i Innlandet.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Rundt heile sjøen er det åker og gjødselutsleppa har ført til at sjøen er i ferd med å gro att. Sjøen er veldig grunn og har uvanleg nok både innløp og utløp i nord. Dette er fordi ein diger isklump vart liggande og smelte der på slutten av siste istid. Sjøen har form som ei peanøtt. Hovudvasskjelda er Skyåa som kjem frå nord, det kjem òg ein liten bekk frå Baksjøen i sør. Utløpsåa vert kalla Søndre Hasla og går saman med Nordre Hasla etter 4-5 km løp, og renn så gjennom Haslemoen og ut i Glomma.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads