Gjon's Tears
sveitsisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gjon Muharremaj (albansk uttale [ɟɔn muharɛmaj], fødd 29. juni 1998 i Broc i Sveits), kjend under artistnamnet Gjon's Tears, er ein sveitsisk songar og låtskrivar med kosovoalbansk bakgrunn.[1] Han skulle ha representert Sveits i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Répondez-moi». Han fekk oppdraget etter å ha vorte internt vald av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.[2] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3] I staden skulle han representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tout l’Univers».
Remove ads
Bakgrunn
Muharremaj vart fødd i Broc i vestre Sveits av ein kosovoalbansk far og ei albansk mor frå Tirana.[1][4][5] Han tok artistnamnet Gjon's Tears etter at han rørte bestefaren til tårer då han som niåring song «Can't Help Falling in Love» av Elvis Presley.[6] Som tolvåring i 2010 deltok han i fyrste sesong av talentprogrammet Albania’s Got Talent, og året etter deltok han i Die grössten Schweizer Talente – den sveitsiske utgåva tilsvarande Norske Talenter.[7]
I 2019 stilte Muharremaj opp i den åttande sesongen av The Voice: la plus belle voix — den franske utgåva av The Voice. Der song han under artistnamnet Gjon’s Tears og hadde artisten Mika som mentor. Han nådde semifinalen.[8]
I 2019 slapp Gjon’s Tears debutsingelen sin, «Babi». Songen har eit tungt innslag av pianospel og indiepop med ein albansk stil. Songen har engelske vers og albansk refreng.[9]
Eurovision Song Contest
I 2020 vart Gjon's Tears vald til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2020. Han skulle ha delteke med songen «Répondez-moi», eitt av 515 bidrag som vart sendt inn til den sveitsiske kringkastaren SRG SSR. Gjon's Tears og songen vart vald av to juryar: ein publikumsjury på 100 personar og ein internasjonal jury beståande av 20 musikkekspertar.[10] Han skulle ha delteke i semifinale 2 som skulle ha vore halden i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[11]
I staden vedtok kringkastaren SRF at Gjon's Tears skulle representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Tout l’Univers».[12][13]
Remove ads
Diskografi
Singlar
- 2019 – «Babi»
- 2020 – «Répondez-moi»
- 2021 – «Tout l’Univers»
- 2022 – «Silhouette»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads