Glad All Over
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Glad All Over» er ein song skriven av Dave Clark og Mike Smith og spelt inn av The Dave Clark Five.[1] I januar 1964 vart han den første store hitten deira i Storbritannia og nådde toppen av UK Singles Chart. I april 1964 nådde han sjetteplassen på den amerikanske US Billboard Hot 100-lista, og vart den første gruppa i den britiske bølgja etter The Beatles som fekk ein hit i USA. Songen gjekk òg til topps i Irland, nr. 3 i Australia[2] og nr. 2 i Canada.[2] Han nådde fjerdeplassen i Nederland[3] og 16. plassen i Tyskland.[4] «Glad All Over» var den nest mestseljande singelen i Storbritannia i 1964 etter «Can't Buy Me Love» av The Beatles,[5] og selde nok i november og desember 1963 til å bli den 58. mestseljande singelen i 1963.[6] Totalt sett hadde «Glad All Over» seld over ein million eksemplar berre i Storbritannia.
I 1993 vart «Glad All Over» gjeven ut på ny som singel i Storbritannia og nådde då 37. plassen på UK Singles Chart.
Remove ads
I fotball og rugby
Crystal Palace Football Club starta å bruke songen som hymne i 1960-åra. Han vert spelt i starten av alle heimekampane deira og etter kampen er over (om Palace har vunne). Refrenget vert ofte spelt etter heimelaget har scora mål. Den 10. februar 1968 spelte The Dave Clark Five «Glad All Over» live på Selhurst Park, heimebanen til Crystal Palace. Ein versjon sungen av laget på den tida vart gjeven ut i 1990.[7]
Blackpool har òg nytta «Glad All Over» på liknande vis. Andre engelske fotballaget som brukar songen er Rotherham United, Port Vale, Swindon Town og Yeovil Town. Songen er òg blitt brukt av dei skotske laga Partick Thistle og Dunfermline Athletic F.C. når dei scorar mål.[8]
Den walisiske rugbyklubben Pontypridd byrja å bruke songen i 2004 når laget tok poeng. Andre rugbylag gjer det same.
Remove ads
Andre versjonar
Songen vart gjeven ut på singel av det australske bandet Hush i 1975 og denne nådde åttandeplassen på den australske singellista. Songen kom òg ut på albumet Rough Tough 'N' Ready.
Songen vart spelt av The Rezillos på debutalbumet deira Can't Stand the Rezillos.
Quiet Riot spelte inn songen på debutalbumet deira i 1978.
Suzi Quatro spelte inn ein versjon på Rock Hard i 1980.[9]
Donnie Iris and the Cruisers spelte «Glad All Over» i 1982 på albumet The High and the Mighty.
Pet Shop Boys spelte inn songen som B-side til singelen «Together» i 2010.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads