Glamox

From Wikipedia, the free encyclopedia

Glamox
Remove ads

Glamox er ein norsk produsent og leverandør av ljosrøyrarmatur og elektriske varmeomnar. Føregangaren til Glamox, L/L Maskin-EL, vart stifta av gründaren Birger Hatlebakk, i Trondheim, i 1947. I 1948/49 utvikla Hatlebakk ein unik prosess som gjorde det råd å framstille ljos- og varmereflektorar av aluminium. Namnet Glamox kjem frå «GLAtt Matt OXidised», som syner til denne prosessen. I 1951 vart namnet på føretaket endra til Glamox.[1] I 1957 vart produksjonen flytta frå Trondheim til Molde.

Kjappe fakta Bransje, Hovudkontor ...
Thumb
Hovudkontoret til Glamox ligg i denne kontorbygningen i Nydalen i Oslo.

I dag er Glamox eit etter måten stort føretak i norsk målestokk, med om lag 2200 tilsette og ein omsetnad på 3,3 milliardar NOK (2021).[treng kjelde]

Glamox produserer hovudsakleg lysarmatur for industri, skipsfart, oljeverksemd og næringsbygg. Føretaket har fabrikkar i Tyskland, Estland, Kina og Canada i tillegg til i Noreg. Den største fabrikken ligg i Molde, der Birger Hatlebakk stifta Glamox i 1957.

Glamox Luxo har fabrikk i Kirkenær i Grue kommune med om lag 50 tilsette som produserer armbaserte lampar.[2] Luxo vart kjøpt i 2009.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads