Glenn Gregory

From Wikipedia, the free encyclopedia

Glenn Gregory
Remove ads

Glenn Peter Gregory (fødd 16. mai 1958)[1] er ein engelsk songar og musikar. Han var med å starte Heaven 17 der han var frontmann, og han var medlåtksirvar og song på hitsongar som «Temptation» og «Come Live with Me».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Glenn Gregory var den einaste sonen til ein stålarbeidar og voks opp i Sheffield. Som tenåring ønskte han å bli skodespelar, men enda opp som fotograf i London i staden.

Gregory hadde kjend medlemmane i The Human League i fleire år. Han hadde sunge og spelt bass i band med Ian Craig Marsh sidan 1973. Tidleg i 1981 vart han kontakta av Martyn Ware etter dei originale medlemmane i The Human League gjekk frå kvarandre, og han vart spurt om å bli med i Heaven 17, eit nytt band som oppstod etter The Human League.[2]

Heaven 17 bestod av trioen Martyn Ware, Ian Craig Marsh og Gregory som frontmann og vokalist. Bandet gav ut åtte studioalbum og hadde fleire hittar i Storbritannia, som «Crushed by the Wheels of Industry,» «Temptation», «Come Live With Me», og «Let Me Go». Seint i 1980-åra dalte populariteten deira og bandet vart oppløyst i 1988, men kom saman att i 1996[3] og spelte den første konserten sin i 1997. Marsh slutta i bandet i 2007, men Ware og Gregory er framleis aktive i bandet.

I 1984 bidrog Gregory på Band Aid-singelen «Do They Know It's Christmas?» og song linja «No rain nor rivers flow».[4]

Utanom Heaven 17 har Gregory vore medlem av banda Ugly og Honeyroot, og har arbeidd med ABC, Tina Turner, Grace Jones, Propaganda, Terence Trent D'Arby, Ultravox, La Roux og John Lydon.[2] Han har òg skrive mykje musikk for radio, fjernsyn og film.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads