Glíma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Glíma (islandsk) eller glima, er ei form for idretten bryting som ein meiner har opphav i vikingtida, og som har vore nasjonalidrett på Island frå slutten av 1800-talet.

Brytinga går føre seg på det viset at dei to som kjempar mot kvarandre har teke på seg eit dobbeltbelte av lêr ikring midja og kvart lår, det såkalla glimabeltet. Med høgra handa tek kvar av dei ikring det beltet motstandaren har kring midja, og med venstre hand i det høgre lårbeltet, for deretter å freiste å kaste motstandaren mot underlaget. Den som kjem nær underlaget med ein eller annan part av kroppen mellom kneet og armhola, har tapt kampen. Det er åtte hovudmåtar å kaste motstandaren på.
Remove ads
Kjelder
- «Glima». snl.no. 20. februar 2018. artikkel til fri bruk
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads