Vikingtida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vikingtida
Remove ads

Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet. Ho var prega av vikingane, skandinaviske krigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa med og gjekk over i mellomalderen.

Thumb
Biledsten med seglskip frå Smiss på Gotland.
Thumb
Biledsten med seglskip frå 800-1099 frå Tjängvide på Gotland.
Remove ads

Avgrensing av vikingtida

Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787 evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteretLindisfarne i 793 som er rekna som starten på vikingtida.[1][2] Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidleg på 700-talet.[3] Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.

Remove ads

Årsaker til at folk reiste i viking

Ein veit ikkje kvifor folk byrja å dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i hans iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.[4]


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads