Gloria Swanson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gloria Swanson (27. mars 1899–4. april 1983) var en amerikansk filmskodespelar.

Foto: Allan Warren
Swanson blei fødd i Chicago som Gloria May Josephine Svensson som det einaste barnet til Adelaide (fødd Klanowski) og Joseph Theodore Swanson (fødd Svensson), ein svensk-amerikansk soldat.[1] Fordi faren arbeidde i hæren flytta familien ofte, og Swanson budde delar av barndommen i Key West i Florida og på Puerto Rico, der ho såg sine fyrste filmar.[2]
Gloria hadde filmdebut i 1915 som statist i The Fable of Elvira and Farina and the Meal Ticket, men allereie neste år var ho ei stjerne, i A Dash of Courage. Ho spelte i mange av Mack Sennett sine slapstick-komediar. I 1919 skreiv ho kontrakt med Cecil B. DeMille, som gjorde henne til hovudrolleinnehavar i fleire romantiske filmar. Hun spelte i stumfilmen Beyond the Rocks frå 1922 med Rudolph Valentino.
Dronning Kelly frå 1929 blei regissert av Erich von Stroheim og produsert av Joseph P. Kennedy sr., far til den seinare amerikanske presidenten John F. Kennedy.
Remove ads
Oscarnominasjonar
- 1929 – Beste kvinnelege hovudrolle – Sadie Thompson
- 1930 – Beste kvinnelege hovudrolle – The Trespasser
- 1951 – Beste kvinnelege hovudrolle – Sunset Blvd.
Privatliv
Gloria Swanson var gift seks gonger. Ho fødde to døtrer og adopterte ei tredje.
- Skodespelaren Wallace Beery i 1916. Dei skilde seg i 1919.
- Herbert K. Somborn, eigaren av The Brown Derby Restaurant, i 1919. Dotter deira Gloria blei fødd i 1920. Dei blei skilde i 1923.
- Den franske aristokraten marquis Henry de la Falaise, 1925-1930.
- Michael Farmer i 1931. Dei fekk ei dotter saman, Michelle Bridget Farmer. Ekteskapet ende i skilsmisse i 1934.
- William N. Davy, 1945-1946.
- Det siste ekteskapet til Swanson var med William Dufty, forfattaren av Lady Sings the Blues, i 1976.
Remove ads
Filmar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads