God Rest Ye Merry Gentlemen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«God Rest You Merry, Gentlemen» er ein tradisjonell engelsk julesong. Han finst i Roxburghe-samlinga (iii. 452) og er oppført som nr. 394 i Roud Folk Song Index. Songen vert òg kalla «Tidings of comfort and joy» og «Come All You Worthy Gentlemen»[1] «God Rest Ye Merry, Gentlemen», «God Rest Ye, Merry Christians»[2] eller «God Rest You Merry People All».[3]
Det er ein av dei eldste julesongane ein kjenner til, datert til 1500-talet eller tidlegare.[4] Ein av dei første kjende trykte utgåvene som ei skillingsvise er datert til kring 1760.[5] Den tradisjonelle engelske melodien går i moll. Den første trykte versjonen av melodien verkar å vere ein parodi av Facetiae av William Hone i 1829. Melodien har tradisjonelt vore tilknytt songen sidan minst midten av 1700-talet, då han vart nedteikna av James Nares med tittelen «The old Christmas Carol».[6]
Songen er omtalt i Charles Dickens-romanen A Christmas Carol frå 1843: «...at the first sound of 'God bless you, merry gentlemen! May nothing you dismay!', Scrooge seized the ruler with such energy of action that the singer fled in terror, leaving the keyhole to the fog and even more congenial frost.»
Songen er nytta i den andre satsen av Carol Symphony av Victor Hely-Hutchinson frå 1927.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads