Godot Engine

programmeringsspråk From Wikipedia, the free encyclopedia

Godot Engine
Remove ads

Godot Engine er ein 2D- og 3D-kryssplattformspelmotor som er gjeven ut som open kjeldekode med MIT-lisensen. Opphavleg blei han utvikla for fleire selskap i Latin-Amerika før han blei gjeven ut offentleg.[2] Utviklingsmiljøet køyrer på Windows, macOS, Linux, BSD og Haiku (både 32- og 64-bit) og kan skape spel for PC, spelkonsoll, mobiltelefon og nettstadar.

Kjappe fakta Skapar, Utviklar ...
Remove ads

Oversikt

Godot siktar inn på å tilby eit fullstendig integrert spelutviklingsmiljø. Det let utviklarar skape spel frå botnen utan verktøy enn dei ein bruker for å skape innhald (grafikk, musikk osv.). Arkitekturen er bygd rundt konseptet med eit tre med nøsta "scener". Alle spelressursar, frå skript til grafiske element (assets), blir lagra som del av det lokale filsystemet på datamaskina (i staden for ein database). Denne lagringsløysinga er meint for å gjere det lettare for spelutviklingsteam å samarbeide om skriptkode med versjonskontroll.[3]

Spelmotoren støttar utvikling for fleire plattformer, og tillet spesifisering av teksturkomprimering og -oppløysingsinnstillingar for kvar plattform. Akkurat no blir følgjande plattformer støtta: Windows, macOS, Linux, FreeBSD[4] / DragonFly BSD,[5] Android, iOS, BlackBerry 10 og HTML5.[6] Det er arbeid på gong med støtte for Windows Runtime.[7]

Scripting

Godot-spel blir skapt i enten C#, C++ eller eit eige skriptespråk, GDScript,[8] a høgnivå-, dynamisk typa programmeringsspråk er veldig likt Python. I motsetnad til Python, har GDScript strengt typa variablar og er optimalisert for Godots scene-baserte arkitektur. Godots utviklarar har uttalt at mange tredjeparts programmeringsspråk (Lua, Python og Squirrel) blei testa før dei bestemte seg for eit skreddarsydd språk som tillet overlegen optimalisering og editor-integrering.[9]

Spelmotorens editor inkluderer ein skript-editor med automatisk innrykk, syntaksutheving og kodefullføring. Den har også ein debuggar som kan setje breakpoints og gå stegvis gjennom programmet.

Remove ads

Bruk

Mange spel frå OKAM Studio har blitt laga med Godot, inkludert Dog Mendonça & Pizza Boy, som bruker Escoria eventyrspelutvidinga.[10] I tillegg har motoren blitt brukt i pensumet til vidaregåande skular (highschools) i Vest-Virginia, fordi det er lett å bruke for ikkje-programmerarar og fordi det skal eksistere mykje læringsmateriale for programvara.[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads