Gold Harbour

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gold Harbour
Remove ads

Gold Harbour er ei lita bukt 8 km sør-sørvest for Cape Charlotte der Bertrabbreen munnar ut, langs austenden av Sør-Georgia. Tidleg i 1900-åra vart hamna mellom anna kalla «Anna's Bay», «Gold-Hafen» og «Sandwich Bay», som òg er nytta som namn på Iris Bay. Det godkjende namnet ser ut til å ha vore i bruk av sel- og kvalfangarar. [1]

Thumb
Pingvinar ved Gold Harbour i desember
Kjappe fakta Land, Stad ...

Gold Harbour fekk dette namnet fordi solstrålene gjer klippene gule i sollsyet om morgonen og kvelden.

Remove ads

Dyreliv

Området er hekkestad for pingvinar som kongepingvinar og bøylepingvinar. Elefantselar ynglar òg her, særleg på vestenden av stranda, der det renn ut ein bekk med smeltevatn frå breane. Sotalbatrossar hekkar òg her.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads