Gone from Danger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gone from Danger er eit studioalbum frå 1997 av Joan Baez. I staden for å skrive songar sjølv, valde ho ut songar av yngre vise- og rockeartistar. Ho tok med Dar Williams sin «If I Wrote You», Richard Shindell sin «Reunion Hill» og Betty Elders sin «Crack in the Mirror», i tillegg til to songar av Sinéad Lohan. Då albumet kom ut innrømde Baez at ho ikkje lenger klarte å skrive songar sjølv, og kjende seg meir komfortabel med å gå attende til den opphavlege rolla si, som ein tolkar av andre sine songar. På eit spor er ho likevel omtalt som låtskrivar, «Lily» (om ei barndomsveninne), som var eit dikt skriven av Baez med musikk av Kenny Greenberg og Wally Wilson.

Meir informasjon Joan Baez-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I tillegg til at ho hjelpte dei unge låtskrivarane med å spele inn songane deira, tok Baez med seg to av dei, Shindell og Williams, på turneen etter albumet.

Ei avgrensa utgåve av albumet kom berre ut i Borders-bokhandlarar i USA, og inkluderte ein bonus-CD med to songar: Betty Elders sin «Long Bed from Kenya» og ein duett med Dar WilliamsPaul Simon sin «Dangling Conversation», som begge var konsertopptak frå Newport Folk Festival i 1997.

Ei «samlarutgåve» kom ut i 2009 med det originale albumet og ein ekstra CD med 11 konsertopptak frå Mountain Stage i august 1997. Åtte av songane var opphavleg frå Gone From Danger.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Joan Baez - vokal, gitar, perkusjon
  • Richard Bennett - bazouki, akustisk gitar, elektrisk gitar
  • Dennis Bernside - klaverinstrument
  • Jim Collins - korvokal
  • Steve Conn - trekkspel
  • Chad Cromwell - trommer, perkusjon
  • Eric Darken - perkusjon
  • Dan Dugmore - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, lapsteelgitar, pedalsteelgitar
  • Betty Elders - gitar, vokal
  • Kenny Greenberg - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, perkusjon
  • Jim Hoke - saksofon
  • Marabeth Jordan - korvokal
  • Tim Lauer - harmonium, klaverinstrument
  • Allison Moorer - korvokal
  • Greg Morrow - trommer, perkusjon
  • Steve Nathan - klaverinstrument
  • Michael Rhodes - bass
  • Sharon Rice - korvokal
  • Matt Rollings - klaverinstrument
  • Joe Spivey - fele, mandolin
  • Willie Weeks - bass
  • Dar Williams - gitar, korvokal
  • Wally Wilson - piano, perkusjon
  • Curtis Young - korvokal
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads