Richard Bennett

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Richard Bennett
Remove ads

Richard Bennett (fødd 22. juli 1951) er ein amerikansk gitarist, sidemann, studiomusikar og plateprodusent. Han har turnert med Neil Diamond i 17 år og Mark Knopfler sidan 1994. Som studiomusikar har han arbeidd med mange musikarar som Billy Joel og Barbra Streisand til Rodney Crowell og Vince Gill. Han har produsert artistar som Steve Earle, Emmylou Harris og Marty Stuart.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han er bror til Jon «Bermuda» Schwartz, trommeslagar for «Weird Al» Yankovic sidan 1980.

Remove ads

Karriere

Bennett byrja karrieren sin i klubbar i Phoenix i Arizona seint i 1960-åra, fram til han vart oppdaga av Al Casey, som tok han med til Los Angeles for ein lang karriere som studiomusikar. Han spelte på nokre spor på Neil Diamond-albumet Stones i 1971. Moods var det første heile albumet med han, og han spelte på kvart einaste Diamond-album fram til 1987 og turnerte med han i 17 år.[1] Han var òg med på å skrive songar med Diamond, mellom anna «Forever in Blue Jeans» frå albumet You Don't Bring Me Flowers frå 1978, som nådde topp 20.

På «Let Your Love Flow» av Bellamy Brothers frå 1975, spelar Bennett sologitar.

Remove ads

Diskografi

  • Themes From A Rainy Decade (2004)
  • Code Red Cloud Nine (2008)
  • Valley of the Sun (2010)
  • For the Newly Blue (2013)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads