Goodbye to Yesterday
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Goodbye to Yesterday» (norsk omsetjing: ’farvel til gårsdagen‘) er ein song frå 2015 med Elina Born og Stig Rästa. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2015 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2015 i Wien.
Remove ads
Om songen
«Goodbye to Yesterday» er skriven av Stig Rästa.[1]
«Goodbye to Yesterday» var eitt av 20 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2015, arrangert av kringkasteren ERR.[2][3] «Goodbye to Yesterday» kvalifiserte seg frå semifinalen 14. februar og vann seinare finalen 21. februar 2015 i Saku Suurhall i Tallinn.[4][5] Gjennom sigeren blei «Goodbye to Yesterday» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest 2015.[6]
Eurovision Song Contest
I januar 2015 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest.[7] Semifinalen blei arrangert i Wiener Stadthalle i Austerrike tysdag 19. mai, og Estland hadde startnummer 7.[8] «Goodbye to Yesterday» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.[9] I finalen blei songen nummer 7 av 27 bidrag.[10]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads