Gordon Beck

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gordon James Beck (16. september 19366. november 2011[1]) var ein engelsk jazzpianist og komponist. Då han døydde hadde han gjeve ut 26 album under sitt eige namn.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Beck vart profesjonell musikar i 1960.[2] Beck vart med i gruppa til Tubby Hayes i 1962 i England.[2] Han leia sine eigne band frå 1965, inkludert Gyroscope, frå 1968, som var ein trio i lag med bassisten Jeff Clyne og trommeslagaren Tony Oxley. Beck spelte med songaren Helen Merrill første gongen i 1969 og fortsette med det inn i 1990-åra. Frå 1969 til 1972 turnerte han med saksofonisten Phil Woods sitt European Rhythm Machine. Beck spelte inn ti album med Woods.[2]

I 1960- og 1970-åra var han fast pianist i Ronnie Scott's Jazz Club.[3] Beck spelte òg «eksperimentell funk» i gruppa til den sveitsiske musikaren George Gruntz, Piano Conclave (1973-75), som bestod av seks klaverspelarar, og frijazz med John Stevens (1977, 1982).[3] Beck var medlem av Nucleus i 1973 og 1974.[3]

Han har òg spelt med Allan Holdsworth, Henri Texier, Didier Lockwood og andre.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads