Grøfteplog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grøfteplog er ein plog som har vore nytta for å vassjuk mark innan jord og skogbruk. Der det er lite stein i jorda kan bruk av grøfteplog på innmark halvera kostnadane i høve til bruk av gravemaskin[1]. Ved grøfting av myr var det vanleg at plogen arbeidde ned til eit djup av 55 cm[2]. For å trekkja plogen vart det ofte nytta ein bulldosar, men ein stor traktor med halvbelte kunne òg nyttast.

Vikeid-plogen var ein grøfteplog utvikla ved Landbruksteknisk institutt si avdeling på Vikeid i Sortland. Han fanst i to storleikar. Rundt 1960 vart det òg drive forsøk med ein finsk grøfteplog produsert av Lokomo.
Remove ads
Galleri
- Vikeid-plog montert på ein Caterpillar-bulldosar.
- Frontmontert Vikeid-plog på ein Oliver beltetraktor, under forsøksdrift på ei skogsmyr i Trysil.
- Nærbilete av Vikeid-plogen i heva stilling.
- Rullekniv (rulleskjer) på Vikeid-plogen.
- Den minste versjonen av Vikeid grøfteplog montert på Massey Ferguson med heilbelte.
- Den minste versjonen av Vikeid grøfteplog montert på Massey Ferguson med heilbelte, her i heva stilling.
- Lokomo-plogen i arbeid på ei norsk myr.
- Lokomo grøfteplog, på 3,8 tonn, under grøfteforsøk i Trysil hausten 1961.
- Nærbilete av Lokomo-plogen. Han vart dregen med ein kraftig vinsj på beltetraktoren.
- Grøft oppteken med Lokomo-plogen.
- Lokomo-plogen fotografert under forsøksdrift på Grue Finnskog sumaren 1957.
- Frå grøftingsforsøk med den finskproduserte Lokomo-plogen på myrareal i Ringsaker og Veldre aallmenningar i Hedmark hausten 1957.
- Beltetraktor med bakmontert vinsj og skjær (anker), brukt under forsøk med den Lokomo-plogen hausten 1957.
- Beltetraktor med ekstra breie belte, bakmontert vinsj og skjær under forsøk med Lokomo-plogen i 1958.
Remove ads
Referansar
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads