Grøfting av myr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grøfting av myr
Remove ads

Grøfting av myr vart tidlegare utført for å gje betre veksttilhøve for skog, eller i samband med nydyrking. Avstanden mellom grøftene og kor djupe dei var vart avstemt etter kva slags myrtype det var[1]. Etter at myra hadde turka ut vart det planta skog på ho, eller ho vert teken i bruk som eng og åker. Det vart grøfta mykje myr på 1930-talet og i tidsbolken 1950-1975[2]. Ein reknar med at grøfta areal i Noreg på 1990-talet var på 0,42 millionar hektar, medan det i Sverige og Finland var så mykje som 1,4 respektivt 5,9 millionar hektar [2].

Thumb
Grøfting av myr med traktorgravar utstyrt med halvbelte i 1963/64.
Remove ads

Grøftemetodar

Thumb
Grøfting av myr med grøftefres i Strandbygda i Elverum hausten 1963.
Thumb
Resultat av grøftning i vasssjuk skogsmark.

På 1930-talet vart grøftinga utføra manuelt, med spade og hakke, noko som var svært arbeidskrevjande. For å redusera bruken av manuell arbeidskraft tok ein etter kvart til å nytta grøftedynamitt. Dette var patronar som ein stakk 20-25 cm ned i jorda, i ein avstand på 30-40 cm. Med dynamitten var kostbar og representerte ofte 70-80 % av dei samla utgiftene, så prisen per meter vart om lag like høg som ved manuell grøfting.

Utpå 1950-talet vart det teke i bruk traktorgravarar, som var utstyrte med halvbelte for å redusera marktrykket. Det vart òg i nokon mon nytta grøftefresar, som kom ned på eit djup på 50-60 cm når ein fresa i to omgangar[1]. Grøfteplogar, ofte dregne av bulldosarar, arbeidde ned til eit djup av rundt 55 cm[1]. Ved bruk av gravemaskin kunne ein grava så djupe ein ynskte, så samlegrøfter og kanalar vart opptekne med traktormonterte gravemaskinar.

Remove ads

Konsekvensar for miljøet

Myr bind CO2 og når myra turkar opp vil ho avgje CO2 til atmonfæra, noko som er med på å auka drivhuseffekten. Etter som skogen veks til vil han ta opp CO2 frå atmonfæra, og slik redusa drivhuseffekten. Men det kan gå fleire tiår for nyplanta tre vert så store at dette tek til å kompansera for utsleppa frå myra. Når skogen er hogstmoden vart han felt og det går nye tiår før han på nytt tek opp nemeverdige mengder med CO2. Dette er eit tema som det vert forska på[2], men temaet er kontroversiellt på grunn av interessekonfliktene mellom skogbruksnæringa og miljøvernarar. Når gamal myr vert teken i bruk som jordbruksareal får ein som oftast ikkje nokon gevinst i form av CO2-opptak.

Forutan å lagra CO2 fungerer myr som ein svamp som absorberer vatn når det regnar, slik at faren for flaum vert redusert[3]. Ho fungerer òg som eit filter som reinskar vatnet før det når elvane. Biologane framhevar at myr er eit viktig leveområde for fuglar og insekt[4]. Andre faktorar som talar for bevaring av myr er ho inneheld viktig vitskapeleg informasjon, som til dømes pollen og plantemateriale, langt attover i tid[5]. Arkeologar vil gjerne ta vare på myr av di den oksygenfattige jorda gjer at organisk materiale rotnar svært sakte. Alle desse faktorane har ført til at ein har slutta å grøfta myr.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads