Grand Funk av Grand Funk Railroad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grand Funk er det andre studioalbumet til Grand Funk Railroad og vart gjeve ut i desember 1969 av Capitol Records. Det vart produsert av Terry Knight med Ken Hamann som lydteknikar. Albumet vert òg kalla The Red Album, og selde til gullplate, den første for gruppa. Albumet inneheld ein versjon av The Animals-songen «Inside Looking Out», som framleis er ein viktig del av konsertane til bandet i dag. Andre kjende songar frå albumet er «Got This Thing on the Move», «In Need» og «Paranoid». Bilete av bandet på innsida av omslaget av den originale LP-utgåva vart nytta for den no kjende, enormt store reklameplakaten til 100 000 USD på Times Square i New York City for å marknadsføre det neste albumet, Closer to Home (1970).
Grand Funk vart opphavleg gjeve ut på Capitol Records på LP, kassett, 8-spors lydband og lydband. Den originale lydbandversjonen innehled forkorta versjonar av «Got This Thing on the Move», «Please Don't Worry», «Mr. Limousine Driver» og «Inside Looking Out», som ikkje finst andre stader.
I 2002 vart Grand Funk mastra med ny lyd og bonusspor, og gjeve ut i den avgrensa plateboksen Trunk of Funk, som inneheld dei fire første albuma til bandet.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Musikarar
- Mark Farner – gitarar, klaverinstrument, munnspel, solovokal
- Mel Schacher – bass
- Don Brewer – trommer, solovokal
Lister
Album
Singlar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads