Grand Prismatic Spring

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grand Prismatic Spring
Remove ads

Grand Prismatic Spring er ei varm kjelde i Yellowstone nasjonalpark i USA. Ho er den tredje største slike kjelda i verda,[1] etter Frying Pan LakeNew Zealand og Boiling LakeDominica. Han ligg i eit geotermisk område kjent som Midway Geyser Basin.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Grand Prismatic Spring blei omtalt av geologar som var med på å utføra Hayden Geological Survey i 1871. Dei gav han namnet «Prismatic» etter dei slåande fargane hans, som minner om regnbogefargane til kvitt lys spreidd av eit optisk prisme: raudt, oransje, gult, grønt og blått.[2]

Remove ads

Historie

Dei fyrste nedteikningane om kjelda kjem frå tidlege europeiske utforskarar og landmålarar. I 1839 reiste ei gruppe pelsjgegar frå American Fur Company gjennom Midway Geyser Basin og noterte seg ein «kokande sjø»[a] mest truleg Grand Prismatic Spring,[3] med ein diameter på 300 fot (90 m). I 1870 vitja Washburn–Langford–Doane-ekspedisjonen kjelda, og merka seg ein geysir50-fot (15 m) i nærleiken som seinare blei kalla Excelsior).[4][5]

Remove ads

Farge

Thumb
Mikrobematte

Dei sterke fargane i kjelda kjem av mikrobematter rundt kantane av det mineralrike vatnet. Mattene lager farger frå grønt til raudt; fargen kjem an på forholdet mellom klorofyll og karotenoid og på temperaturskilnaden i vatnet. Om sommaren er gjerne mattene oransje til raude, medan om vinteren er dei vanlegvis mørkegrøne.[6] Midten av sjøen er sterilt på grunn av den sterke varmen.

Den djupe blåfargen til vatnet kjem av den innebygde fargen til vatn. Effekten er sterkast i midten av kjelda på grunn av den stere tilstanden og djupna her.[7]

Remove ads

Fysisk struktur

Kjelda er rundt 370 fot (110 m) i diameter og er 160 fot (50 m) djup. Ein reknar med at ho slepp ut 560 US gallon (2 100 L) av vatn på 160 °F (70 °C) per minutt.[7][8]

Merknadar

  1. "boiling lake"

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads