Granmeis

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Granmeis
Remove ads

Granmeis (latin Poecile montanus, tidlegare Parus montanus) er ein fugl i meisefamilien.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Granmeis er rundt 12 cm lang og veg 11-14g. Fargen på fuglen er svart, kvit og grå. Er du veldig god på fuglar, klarar du å skilje ho frå lauvmeisa. Oversida på granmeisa er grå (lauvmeisa er litt meir einsfarga brun) med lys stripe på vengene. Ei svart hette og lysande, kvite kinn. Flekken på strupen er større enn på lauvmeisa. Det er uvanleg at ho er større enn granmeisa.

Thumb
Granmeis i skogen.
Foto: Svein Jan Hjelmeset
Remove ads

Utbreiing

Granmeisa ser du mest i skogen, og du kan sjå ho over heile landet; særleg i barskog, blandingsskog og lauvskog. Ho er vanleg også i alpin bjørkeskog med småvokse tre.

Forplanting

Granmeisa hakkar gjerne ut si eiga reirgrop i tre. Dei fleste andre meisene gjer ikkje det. Granmeispara leiter allereie i mars og april etter eit dødt tre eller ein stubbe. Dei hakkar gjerne ut eit nytt hol til reir kvart år, men dei kan bruke gamle hol frå andre meiser eller spettefuglar. Reir som er fylt med spon kan bli brukt. Utsjånaden på reiret skil den frå andre meiser, fordi granmeisa har hår og nokre fjør men manglar mose som reirmateriale. Granmeisa legg 78 egg i mai, og dei blir ruga av hoa i 1415 dagar. Ungane forlet reiret allereie etter 1719 dagar og blir mata i fleire veker av foreldra etter at dei har forlet reiret sitt.

Næring

Om sommaren et fuglane insekt og edderkoppar og om vinteren et dei frø, spesielt av bartre, og einer. Granmeisa er svært vanleg på fuglebrettet, der ho tek solsikkefrø.

Tilhaldsstad

Granmeisa er ein standfugl som held seg nær eit merka område. Ungfuglane streifar noko omkring i det området. Granmeisa opptrer om vinteren i meiseflokkar på 24 svartmeiser, 2 toppmeiser, 34 granmeiser, 35 fuglekongar og 1 trekrypar. Som regel består granmeisflokken av vaksne par som held seg innanfor området sitt.

I år 2021 blei granmeis oppgradert frå kategorien livskraftig til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[1]

Remove ads

Sjå også

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads