Grasse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grasse
Remove ads

Grasse (oksitansk Grassa eller Grasso) er ein by og kommune søraust i Frankrike i departementet Alpes-Maritimes, der han er sous-préfecture. Byen ligg ved Den franske rivieraen.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Parfyme

Grasse har hatt ein blømande parfymeindustri sidan slutten av 1700-talet.

Grasse er senteret for den franske parfymeindustrien og er kjend som parfymehovudstaden i verda (la capitale mondiale des parfums). Han produserer over to-tredjedelar av Frankrike sine naturlege aromaer (for parfyme og smakstilsetting i mat). Industrien har ei inntekt på over 600 millionar euro i året.

Grasse sitt spesielle mikroklima er spesielt fordelaktig for blomeindustrien. Det er varmt og langt nok innanlands til at havlufta ikkje når inn. Det er mykje vatn i området. Byen ligg 350 meter over havet og 20 km frå kysten.

Sjasmin, ein nøkkelingrediens i mange parfymar, vart ført til Sør-Frankrike av maurarane på 1500-talet. 27 tonn sjasmin vert no hausta i Grasse kvart år.

Det er fleire «parfyrmeri» i Grasse, og kvart av dei har guida turar og eit museum.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Grasse
Reiseguide for Grasse frå Wikivoyage


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads