Euro
europeisk mynteining From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Euro (€) er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i 20 EU-land (kjent som Eurosona) i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino, Montenegro, Kosovo, Vatikanstaten og Zimbabwe 1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.



Remove ads
Historie
Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.
I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei landa som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil venteleg på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sette.
Remove ads
Eurosona
Euro er primært valuta i eurosona som består av 20 EU-land.

Euro er òg offisiell valuta i seks statar og eitt område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosona. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.
Danmark, Storbritannia og Sverige
Då Maastricht-traktaten tredde i kraft den 1. november 1993 vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosona. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.
Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den 1. januar 1999, men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakka om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads