Gravand
art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gravand (Tadorna tadorna) er ein fugleart i andefamilien.
Remove ads
Skildring
Fuglen liknar ei gås med omsyn til kroppsform, storleik, rørsler og flukt. Kjønna liknar kvarandre, men hoa er ikkje like fargesterk som hannen. Fuglen er mykje kvit, med eit hasselbrunt parti på framsida. I paringstida har hannen ein raud knopp mellom augene: nebben er raud. Totallengda er 54–66 cm.
Utbreiing
Gravanda hekkar langs kystane i store delar av Europa og i tempererte delar av Asia.
Hekking
Gravanda grev ein gang i ein jord- eller sandbanke. Den indre delen av gangen er vidast, og her forar fuglane botnen med gråkvitt dun. Hoa legg 7-15 heilt kvite egg i mai-juni. Ho rugar medan hannen står vakt i nærleiken, gjerne på ein høg plass. Når hoa går ut for å søke næring dekker ho egga med dun. Ho rugar i 30 døgn, og tidleg etter klekkinga tek dei seg ned til næraste vatn der dei vert vakta av begge foreldra. Dei kan flyge etter 45-50 døgn.
Føde
Fuglane sym og dukkar godt. Dei et smådyr i sjøen, frø, knoppar og spede planteskot.
Galleri
- Gravandegg.
- Ho med to halvvaksne ungar.
- Ho med sju dagar gamle ungar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gravand» frå Wikipedia på svensk, den 1. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
- (no) gravand hos Artsdatabanken
- (en) gravand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) gravand i Catalogue of Life
- (en) gravand i Encyclopedia of Life
- (en) gravand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) gravand hos Dyntaxa
- (en) gravand hos Fauna Europaea
- (en) gravand hos Fossilworks
- (en) gravand hos ITIS
- (en) gravand hos NCBI
- (en) Kategori:Tadorna tadorna – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads