Korthalepapegøye

art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Korthalepapegøye
Remove ads

Korthalepapegøye (Graydidascalus brachyurus) er ein mellomstor korthala neotropisk papegøye med utbreiingsområde langs Amazonaselva med bielver.

Kjappe fakta

Korthalepapegøyen er den einaste medlemmen av slekta si og har ingen underart. I 2023 er det rekna at dei næraste slektningar er solpapegøye (Alipiopsitta xanthops) og medlemmene av slekta Pionus.[1]

Remove ads

Skildring

Korthalepapegøyen er ca. 24 cm lang og veg rundt 200 gram. Den har eit stort hovud og som namnet ymtar om, ein kort hale og breie venger. Vaksne er nesten heilt grøne, men gulaktige på undersida og øvre haledekkarar. Primærfjørene deira er mørkare grøn og vengdekkarane har gule kantar. Skuldra deira er raudbrun som sjeldan er synleg bortsett frå i flukt. Dei ytre halefjørene deira har raude band ved botnen. Nebbet deira varierer frå lysegrønt til mørkegrått og iris er oransjeraud. Juvenile fuglar er som vaksne, bortsett frå at dei ikkje har raudt på halen.[2][3]

Korthalepapegøyane lever langs Amazonaselva og store sideelvar frå det sørlege Colombia, nordaust i Ecuador og nordaust i Peru til Atlanterhavet. I Peru, til dømes, er arten funne så langt sør som inn i Ucayali-regionen.[4] Utbreiinga strekkjer seg også nordover langs kysten av Brasil inn i det nordaustlege Fransk Guyana. Hovudhabitatet er sesongmessig overfløymt varzea-skog og andre sumpområde som finst langs dei store elvene i Amazonasbassenget. Ved kysten lever han i mangrovar. Områder spenner også lokalt inn i dyrka område. Høgdenivået i utbreiingsområdet varierer frå havnivå opp til omtrent 400 moh.[2][3] Korthalepapegøyen lever av frukt, spesielt dei av fikenslekta, og dyrka guava og mango. Frø, nøtter, bær og rakkel frå Cecropia-vekstar står òg på menyen.[2] Korthalepapegøyen blir trudd å gjere rørsler, i Loreto-regionen i Peru kanskje i takt med tidspunkt for sesongmessige flaum.[2]

I flukt høyrast er «ein ganske høglydt rullande krii-ki-ki» frå desse fuglane.[2] Elles gjer dei ei rekkje høge, harde, ytringar.[5]

Verdas naturvernunion(IUCN) har vurdert korthalepapegøyen til å vere livskraftig, LC. Han har eit stort utbreiingsområde, men populasjonsstorleiken er ikkje kjend og er truleg minkande. Ingen umiddelbare truslar er identifiserte.[6] I somme område, spesielt i nedre Amazonas, er han rekna som ein vanleg fugl, men er sjeldnare i dei øvre delane av Amazonas.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads