Dei store sjøane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dei store sjøane
Remove ads

Dei store sjøane er fellesnemninga på dei fem innsjøane Ontariosjøen, Eriesjøen, Øvresjøen (Lake Superior), Huronsjøen og Michigansjøen i grenseområdet mellom USA og Canada.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dei store sjøane i Afrika.
Kjappe fakta Land ...

Sjøane er den største gruppa med ferskvassjøar i verda, er ein del av det største ferskvassystemet i verda. Innsjøane inneheld over 35 000 øyer og er kopla til havet gjennom eit system av sluser, kanalar og elver. Slusene er for smale for mange skip, noko som har avgrensa sjøfarten på sjøane. Trass i storleiken har dei ein tendens til å fryse til om vinteren.

Ein mykje mindre, sjette innsjø, St. Clairesjøen, mellom Huron og Erie er og ein del av det same ferskvassystemet, men blir ikkje rekna mellom dei store innsjøane.

Remove ads

Elvene i ferskvassystemet

Systemet inkluderer og elvene som bitt sjøane saman:

  • St. Mary's River frå Øvresjøen til Huron
  • St. Claire River frå Huron til St. Claire
  • Detroitelva frå St. Claire til Erie
  • Niagaraelva, med Niagarafalla frå Erie til Ontario

Michigansjøen er kopla til Huronsjøen gjennom Mackinacstredet. Desse to sjøane ligg like høgt over havet og er geologisk det same vatnmassivet, men er geografisk skilt og blir derfor rekna for å vere to sjøar. Ei halvøy og store øyer deler Huron i to delar; hovedsjøen og Georgian bay.

Remove ads

Utløp

Det viktigaste utløpet frå systemet er St. Lawrence-elva, som renn ut frå Ontariosjøen gjennom Quebec til Atlanterhavet. Eit utal elver renn inn i dette systemet, over 200 berre i Øvresjøen.

Nøkkeltal

Frå vest mot aust, den retninga vatnet generelt flyt, plasserer sjøane seg slik:

Meir informasjon Namn, Overflate ...

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dei store sjøane


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads