Quebec

From Wikipedia, the free encyclopedia

Quebec
Remove ads

Québec (fransk [kʰeˈbɛk] høyr) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Québec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær St. Lawrence-elva. Han grensar til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.

For byen, sjå Québec
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen. Québec vert difor sett på som ein eigen nasjon internt i Canada.

Remove ads

Namn

Thumb
Samuel de Champlain.

Ordet quebec – som betyr 'der elva smalnar' på algonkinsk – vart brukt av algonkin-, cree og mi'kmaq-folk for å visa til innsnevringen av St. Lawrence-elva ved Cap Diamant, grunnleggarstaden til byen Québec (3. juli 1608) og «byrjinga av landet og provinsen Canada» (7. september 1535).[2] I 1632 beskreiv Samuel de Champlain staden slik: «[…] eit sund i elva, som indianarane seier […].»[3] Namnet er attestert med ulike stavemåtar: Qvebecq i 1601;[4] Quebeck eller Kébec i 1609;[5] Québec i 1613.[6] og Kebbek[7]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads