Greinkryparar

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Greinkryparar
Remove ads

Greinkryparar (Salpornis) er ei biologisk slekt av to artar sporvefuglar, éin art lever spreidd i Afrika sør for Sahara, og éin sentralt på det indiske subkontinentet. Desse to artane liknar ein større versjon av trekrypar og leitar etter insekt på liknande vis, ved å plukke dei frå bork langs trestammar.

Kjappe fakta

Tidlegare var denne slekta plassert i trekryparfamilien og tidvis i spettmeisfamilien. Frå og med 2025 vart gruppa løfta til familiestatus i IOC World Bird List[1] med det vitskaplege familienamnet Salpornithidae.

Remove ads

Skildring

I motsetnad til artane i Certhia (trekryparar) som vanlegvis har einsfarga lys underside, har begge artane av greinkryparar ei flekkete underside. Dette gjev dei betre kamuflasje. Kroppslengda til greinkryparar er 13–15 centimeter, og dei veg 14–15 gram. Dette er vesentleg meir enn trekryparar — til dømes veg trekryparen i Eurasia berre 8–10 gram. Greinkryparar har mjukare stjertfjører og brukar ikkje stjerten som støtte når dei klatrar, i motsetnad til trekryparar. Dei har likevel skarpe og sterke klør som er tilpassa klamring til trestammar og greiner. Nebbet er langt, smalt og nedoverbøygd. Flyginga deira er bølgjande, lik den hjå spettar.

Dei føretrekk open skog som leveområde, og hekkar i store tre med kraftig bork. Reiret ligg i eller nær ei vassrett grein. Det er solid bygd og dekt med kamuflasjefarga lav.

Utanom hekketida kan dei søkje føde i fleirartsflokkar.

Dei to artane er:[2]

  • Indiagreinkrypar, Salpornis spilonota, Indian spotted creeper, (Franklin, 1831)
  • Afrikagreinkrypar, Salpornis salvadori, African spotted creeper, (Barboza du Bocage, 1878)

Begge artane er vurdert som livskraftige (LC) av Verdas naturvernunion (IUCN).[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads