Grenzgipfel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grenzgipfel
Remove ads

Grenzgipfel er ein 4 618 meter høg fjelltopp på grensa mellom Italia og Sveits.

Kjappe fakta Land, Regionar ...

Toppen er ein del av Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane og ligg på grensekammen mellom skarda Silbersattel (4 515 moh) i nord og Grenzsattel (4 453 moh) i søraust, på den staden søraustegga på Dufourspitze snur mot aust og avvik frå grensekammen.

Vanlegvis blir Grenzgifel gått frå Zermatt eller frå stasjonen Rotenboden på Gornergratbahn over Monte Rosa-hytta. Toppen blir sjeldan klatra som eit sjøvstendig mål, men er meir ein overgang på vegen til Dufourspitze, framfor alt frå dei italienske hyttene Capanna Regina Margherita eller Capanna Gnifetti. Grenzgipfel dannar òg avslutninga på klatreruta over Monte Rosa sin austvegg (frå landsbyen Macugnaga).

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads