Grigorij Potemkin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grigorij Aleksandrovitsj Potemkin (24. september 1739–16. oktober 1791) var ein russisk adelsmann med tittel av fyrste, general/feltmarskalk, statsmann, og frå 1774 de facto ektefelle og medregent med Katarina den store.[1] Han var så dominerande i sin samtid at det vart sagt at «når han ikkje var til stades ved hoffet, snakka ein ikkje om anna enn han, og når han var til stades, såg ein ikkje anna enn han».[2]
Potemkin er særleg kjend for innsatsen sin for å folkesetja dei øyda områda i det sørlege Ukraina som kom under russisk kontroll ved Küçük Kaynarca-traktaten av 1774 etter det russisk-tyrkiske krigen (1768-1774). Blant byane som vart grunnlagde av Potemkin er Odessa, Kherson, Mykolajiv, Sevastopol og Dnipropetrovsk.
Remove ads
Kjend for falske fasadar
Grigorij Potemkin er truleg mest kjend for Potemkins kulisser, ei nemning for ein falsk fasade eller overflate for å skjula det verkelege utsjåande, vanlegvis til propagandaføremål.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads