Gripsholms slott
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gripsholms slott er eit kongeleg slott ved Mälaren, like utanfor den gamle bykjerna i Mariefred i Strängnäs kommune i Sverige. Slottet har den svenske staten som eigar, og vert forvalta av det statlege eigedomsverket. I tillegg til sjølve slottsbygningen høyrer òg mellom anna Gripsholms kongelåve og ein hjortepark til slottsområdet.[1]
Gripsholms slott inneheld den svenske staten si portrettsamling med over 5 000 verk, med til dømes portrettkunst frå 1500-talet og fram til notid. Samlinga vart grunnlagd i 1820. Sidan 1860-talet har Nationalmuseum i Stockholm hatt ansvar for portrettsamlinga.
Remove ads
Plassering
Slottet ligg ved Gripsholmsfjärden i Mälaren, på det som opphavleg var ein cirka 400 meter lang og 150 meter brei holme. Gjennom åra har området kring borga vorte tørrlagt. Slottsholmen vert skilt åt av ei vollgrav med vindelbru. Under visse periodar har vollgrava vore fylt igjen, men ho vart opna att i samband med ei større renovering av slottet på 1890-talet.
Rett nord for sjølve slottet på den såkalla Rännarbanan, står nokre runesteinar som fortel om det såkalla «Ingvarståget». Noko lengre nord finst fleire driftsbygningar som har tilhøyrt jordbruksområdet til slottet.
Slottet er eldre enn den nærliggande byen Mariefred og ligg innanfor det området som fram til 1952 var Kärnbo sokn.
Remove ads
Historie


Borga
Historia til Gripsholm går tillbake til nokre gardar i Kärnbo socken som drosten Bo Jonsson (Grip) kjøpte opp i åra 1377–1380. Der grunnla han eit gods og let bygga ein borg, som fekk både strategisk og politisk nærleik til Stockholm.
Rundt år 1380 skreiv Bo Jonsson eit brev som nemner namnet «Nesboholm». Året etter, i mai 1381, vart det novarande namnet «Gripsholm» nytta for fyrste gong, i eit kjøpebrev.[2] Namnet har koplingar til Bo Jonsson sitt slektsvåpen, hovudet til ein grip eller griff.[3] Etter at Bo Jonsson døydde i 1386 vart eigedommen selt til dronning Margrete I og var krongods fram til 1472. Under Engelbrektsopprøret vart slottet beleira av ein bondehær i 1434, og sett fyr på. Trebygningane som brann ned vart snart bygde opp att.
Sten Sture den eldre bytta til seg Gripsholm 1472. Til borga vart det bygd eit kapell vigd Jomfru Maria. Den opphavlege borga bygd av Bo Jonsson låg truleg innanfor området som i dag rommar forborga til slottet.[4] Det er berre nokre få restar att av mellomalderborga – to fasadar av gråstein ved «Kronoköket»[5] og kjellaren til «Stureskansen»,[6], begge i den noverande forborga.
I 1493 donerte Sten Sture borga til karteusarordenen. Donasjonen vart bekrefta av Sten Sture i eit brev datert 1498.[2][7] Karteusarmunkane oppførte eit kloster, Pax Mariae, på stadden i nærleiken av borga der Mariefreds kyrkja seinare vart bygd.
Vasaslottet Gripsholm
Eksistensen til klosteret vart kortvarig. I 1526 vart Pax Mariae det første klosteret som vart inndrege av Gustav Vasa. I desember 1525 gjorde han krav på godset som arving til Sten Sture den eldre. Han hadde donert garden på vilkår om at den skulle gå attende til dei rette arvingane, om klosteret eller jorda ikkje lengre vart haldne ved hevd. Kravet vart legitimert av riksrådet i januar 1526.
Gustav Vasa lét riva borga og i byrjinga av 1537 oppførte han eit slott, med hjelp av arkitektane Henrik von Cöllen og Fredrik Nussdorffer. Slottet vart bygt i tegl og det kravde mange murarar for å klare det store byggearbeidet. I 1539 var Måns Höck ansvarleg murarmeister, som den fremste av 20 murarmeistarar som arbeidde med slottsbygginga.
Remove ads
Slottet som fengsel
Gripsholms slott har ved fleire høve vorte nytta som fengsel. To av sønene til Gustav Vasa, kongane Erik XIV og Johan III, var begge fengsla der. Den avsette kongen Gustav IV Adolf var brorparten av det siste året sitt i Sverige, i 1809, i fangenskap på Gripsholm. Mellom 1597 og 1610 var det 35 statsfangar og krigsfangar på slottet.

Gustaf III:s teater
På øvste salen ligg teateret som Gustaf III lét bygga 1781–1782. Plassen hadde tidlegare, fram til 1738, vorte nytta som slottskyrkje. Kongen hadde engasjert ein fransk teatertrupp som trong ein scene ved hoffet. Oppdraget med å skape teateret fekk arkitekten Erik Palmstedt, som nyleg var komen heim etter ei to år lang reise i Tyskland, Holland, Frankrike og Italia. For å skape plass for både scene og salong vart Dronningsfløya påbygd med tre høgder, så ho kom på nivå med teateret. Torn-rundellen vart salong medan den påbygde delen av Dronningsfløya vart scene og garderobar.
Biletgalleri
Interiør og eksteriør
- Gripsholms slott og brua over vollgrava.
- Slottssparket utanfor slottet.
- Portrommet mot ytre borggarden med kalkmåleri frå Vasatida.
- Vattenkastare.
- Hebe av Johan Niclas Byström i Gripsholms slottspark.
- Gripsholmssteinen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads