Großes Wiesbachhorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Großes Wiesbachhorn er ein 3 564 meter over havet høg fjelltopp i forbundslandet Salzburg i Austerrike, den tredje høgste fjelltoppen i Hohe Tauern. Det frittståande, bredekte fjellet er hovudtoppen på Fuscher/Kapruner-ryggen. Den djupe avgrunnen mot aust og søraust har med sine 2 418 meter den største høgdeskilnaden mellom dal og tind i Aust-Alpane.
På slutten av 1700-talet kleiv to bønder ved namn Zanker og Zorner frå landsbyen Fusch til topps på fjellet, som dei aller fyrste menneska.
Fyrstebestiginga av nordvestveggen fann stad den 15. juli 1924 og vart gjort av Franz Riegele og Willo Welzenbach. Dei nytta for fyrste gong isnaglar, noko som seinare vart vidareutvikla til isskruar. Nordvestveggen var ein av dei klassiske isveggane i Aust-Alpane, i dag er isbreen smelta vekk.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Großes Wiesbachhorn» frå Wikipedia på tysk, den 8. juli 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads