Großlitzner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Großlitzner
Remove ads

Großlitzner er ein 3 109 meter høg og markant fjelltopp i Silvrettafjella. Grensa mellom Sveits og Austerrike går over toppen. Kantonen Graubünden og forbundslandet Vorarlberg ligg på kvar si side av statsgrensa.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Fyrstebestiginga hende 12. september 1866, og dei tre som då var toppen var Jules Jacot og dei to førarane hans, Christian Jann og A. Schlegel.

Großlitzner vert rekna som det gildaste klatrefjellet av toppane i Silvrettafjella. På nordsida ligg isbreen Litzner-Gletscher, tett utanfor denne står fjellhytta Saarbrücker Hütte. Sett frå så vel aust som vest syner Großlitzner seg som eit slankt og loddrett oppstigande bergtårn.

Große Seehorn og Großlitzner, som er knytt til einannan over den 2960 m høge egga/fjellryggen kalla Litzner-Hochjoch, vert haldne for å vere det vakrast fjellparet i Silvrettafjella.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads