Großvenediger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Großvenediger
Remove ads

Großvenediger er eit fjell i Austerrike, og vert generelt rekna som det tredje høgaste fjellet (om ein ikkje reknar med dei individuelle toppane til dei to høgste fjella). Fjellet ligg i Hohe Tauern på grensa mellom Salzburg og Tirol og er dekt av isbrear.

Kjappe fakta Land, Region ...

Namnet «Großvenediger» (som tyder stor venetianar) vart først skrive ned i 1797. Opphavet er uklart, men kjem truleg frå italienske kjøpmenn som kom frå Venezia i sør og over fjellet. Ein annan teori er at det kan vere mogeleg å sjå toppen av fjellet så langt borte som Venezia, om lag 200 km borte.

I 1828 sett ein ekspedisjon på 17 mann, inkludert erkehertug Johann, ut for å nå toppen, men dei klarte det ikkje. Først førti år seinare, etter at ein for første gong nådde toppen av Großglockner, gjorde eit lag leia av Josef Schwab det første forsøket på å nå toppen av Großvenediger. Dei starta ved Neukirchen am Großvenediger og klatra opp Obersulzbachtal og over Stierlahnerwand. Andre personar på ekspedisjonen var Ignaz von Kürsinger, Paul Rohregger, Dr. Ruthner og Dr. Spitaler. Berre 26 av 40 medlemmar av ekspedisjonen nådde toppen, dei andre gav seg på grunn av utmatting.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Großvenediger


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads