Tirol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tirol
Remove ads

Tirol er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Innsbruck. Tirol har eit areal på 12 647 km² og eit folketal på omtrent 760 000. Området ligg vest i Austerrike, i den austlege delen av Alpane, og grensar til Tyskland i nord og Italia og Sveits i sør.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Før den første verdskrigen var Tirol eit grevskap under det austerrikske keisarriket. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 overtok Italia den sørlege delen av grevskapet, som i dag utgjer den italienske autonome provinsen Sør-Tyrol.

Hovudnæringane i Tirol er skogbruk og husdyrbruk. Regionen er òg eit populært turistområde.

Remove ads

Geografi

Tirol er prega av eit alpint landskap. Det høgste fjellet i Austerrike, Großglockner på 3798 moh. ligg i Tirol, nærare fastsett i fjellmassivet Hohe Tauern i Aust-Tirol ved grensa til Kärnten.

Thumb
Kappl i dalen Paznaun.

Den største dalen i Nord-Tirol er Inndalen, som strekkjer seg frå vest til aust. Nord for Inn ligg dei nordlege kalk-alpane med fjellkjelder som Lechtalalpane, Wetterstein, og Karwendel, og med få og veldig små sidedalar. Sør for Inn ligg Sentral-Alpane med mellom anna Ötztalalpene, Stubaialpane og Zillertalalpane. Her ligg også dei største sidedalane, som strekkjer seg inn til hovudkammen i Alpane, Kauner-, Pitz-, Ötz-, Wipp- og Zillertal.

Hovudstaden Innsbruck ligg sentralt i Inndalen og delar Nord-Tirol i Tiroler Oberland (vest for Innsbruck) og Tiroler Unterland (aust for Innsbruck). Heilt i vest, ved overgangen til Vorarlberg, ligg fjellkjedene Verwallfjella og Silvretta. Heilt i aust, ved overgangen til Salzburg, ligg Kaiserfjellet og Kitzbühelalpane. Aust-Tirol er elles gjennomtrekt av Isel- og Draudalane og ein del av dei karniske alpane ligg også der.

Remove ads

Forvaltning

Forbundslandet Tirol er delt inn i ni ulike distrikt (Bezirke):

Galleri

Thumb
Innsbruck

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads