Grogg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grogg
Remove ads

Grogg (frå engelsk grog) er opphavleg ein drykk satt saman av rom, varmt vatn og sukker,[1] men kan også visa til ulike blandingar av sprit og vatn, brus, juice eller annan alkoholfri drykk.

Thumb
Eit glas grogg

Drikken kan førast tilbake til ein engelsk amiral, Edward Vernon, som blei kalla «the old Grog» av mannskapet sitt som følgje at han brukte å gå i ein frakk av gjord av ulltøyet kamelott (engelsk grogram).[2] I 1740 gav han ordre om å vatne ut sjømennene sin romrasjon for å minske drukkenskapen deira. Etter han skal difor drykken ha fått namnet sitt. Det er likevel mogeleg at kallenamnet til admiralen kom frå drykken, og ikkje frå frakken hans. Ordet «grog» dukka då nemleg opp i Vernons ordre, men bruken av ordet for å tale om den utspedde rommen i den britiske flåten kom mest sannsynleg etter han.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads