Growing Up Is Getting Old

song frå 2021 med Victoria From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Growing Up Is Getting Old» (norsk 'å veksa opp er å verta gammal') er ein song frå 2021 med den bulgarske songaren og låtskrivaren Victoria. Songen vart utgjeven 26. februar 2021 og var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Growing Up Is Getting Old» er skriven av artisten Victoria saman med Helena Larsson, Maya Nalani, Oliver Björkvall frå låtskrivarselskapet Ligna Group & Ostero Limited. Songen vart fyrst gjeven ut som del av EP-en A Little Dramatic 26. februar 2021, og som singel 19. mars same år.[2][3]

Eurovision Song Contest

«Growing Up Is Getting Old» var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at Victoria vart internt vald av Bulgarias nasjonale televisjon (BNT) til å representere landet i tevlinga. Victoria skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok BNT at ho skulle få representere landet i 2021. Songen vart kunngjord som det bulgarske bidraget 10. mars.[4]

Bulgaria deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai.[5] Der vart songen nummer tre og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[6] I finalen var Bulgaria det 17. landet på scena. Til slutt enda songen på ellevteplass med 170 poeng.[7]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2021), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads