Growing Up in Public
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Growing Up in Public er det tiande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i 1980 på Arista Records.[8]
Growing Up in Public nådde 158. plassen på Billboard 200.[9] Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «The Power of Positive Drinking», som ikkje gjekk inn på singellista.
Remove ads
Produksjon
Michael Fonfara og Reed produserte albumet.[10] Det vart skrive og spelt inn i løpet av ein periode på seks veker i studioet til George Martin, AIR Studios på Montserrat.
Mottaking
Rolling Stone kalla albumet «ein polert pakke med bombastisk rock and roll - faktisk truleg det beste kommersielle forsøket til Reed sidan topp 10-anomalien hans frå 1974, Sally Can’t Dance.»[10] Trouser Press skreiv at Reed nytta «drivande rock og delikate melodiar til å akkompagnere tankefulle tekstar og lidenskapeleg synging.»[11]
Innhald
Alle spor skrivne av Lou Reed og Michael Fonfara
Medverkande
Henta frå plateomslaget til Growing Up in Public.[12]
- Lou Reed – vokal, gitar
- Michael Fonfara – klaverinstrument, gitar
- Chuck Hammer – gitar, gitarsynthesizer
- Michael Suchorsky – trommer
- Ellard «Moose» Boles – bassgitar, korvokal
- Stuart Heinrich – gitar, korvokal
Produksjon
- Lou Reed – plateprodusent
- Michael Fonfara – produsent
- Corky Stasiak – lydteknikar
- Tony George – assisterande lydteknikar
- Howard Fritzson – design
- Mick Rock – fotografi
Remove ads
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads