Groznyj
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Groznyj (russisk skrift Гро́зный, tsjetsjensk Соьлжa-ГІала, Solj Ghaala) er hovudstaden i den russiske republikken Tsjetsjenia.
I 1992 hadde byen om lag 480 000 innbyggjarar, men etter to krigar og meir enn ti års samanhengande uro er byen i ruinar og folketalet meir enn halvert (222 000 i 2007).
Groznyj vart grunnlagt av russarane i 1818 som eitt av fleire fort langs elva Sunzja. Staden var ein søvnig utpost fram til kommersiell oljeproduksjon kom i gang i 1883. Det var starten på ei rivande utvikling av byen som utvikla seg til eit senter for oljeindustrien i eit større område, med raffineri, produksjonsbedrifter og serviceverksemd tilknytt oljeproduksjonen. Produksjonen toppa seg i 1932 då Groznyjfelta utgjorde 1/3 av sovjetisk oljeproduksjon. I dag ligg oljeindustrien i ruinar, saman med det meste av tsjetsjensk økonomi.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads