Gruppa Vesna
tsjekkisk folkband From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vesna er eit tsjekkisk folkband, etablert i Praha i 2016. Bandet har seks medlemmar og representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med songen «My Sister's Crown».[1]
Bakgrunn
Byrjinga (2016)
I 2016 drøymte frontfiguren til bandet, Patricie Kaňok Fuxová, å etablere eit band med berre kvinnelege medlemmar. Som student ved Jaroslav Ježek-konservatoriet i Praha møtte Fuxová fiolinisten Bára Juránková og fløytespelarane Andrea Šulcová og Tanita Yanková.[2]
Bandet skulle hylle og feire femininitet og slavisk systerskap. Bandet blandar tsjekkisk folkemusikk med moderne sjangrar som pop, men ifølgje Fuxová ser ikkje Vesna seg som eit folkband: «Eg ser ikkje på det vi gjer med Vesna som folklore, det er ikkje folkesongar. Slik eg ser det, tek songane våre opp desse stereotypiane.»[2]
Pátá bohyně (2018)
I 2018 forlot Šulcová og Yankovová bandet og blei erstatta med pianisten Olesia Otsjepovskaja og trommespelar Markéta Mužátková. Same år gav bandet ut sitt fyrste studioalbum, Pátá bohyně (Den femte gudinna). I eit intervju med det tsjekkiske musikkmagasinet Týden, fortalde Fuxová at albumet var inspirert av sjølvopplevde hendingar og tsjekkiske historier og eventyr.[3]
Albumet vann prisen for «årets oppdaging» under den tsjekkiske musikkprisutdelinga Ceny Anděl 2018.[4]
Anima (2020)
Under koronapandemien starta bandet arbeidet og innspelinga av oppfølgjaralbumet Anima. Albumet handla om tema som forholdet mellom menn og kvinner, og om kvinnekroppen.[5]
Eurovision Song Contest (2023)

I januar 2023 blei Vesna kunngjort som ein av seks deltakarar i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023.[6][7] Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og bandet vann klårt med 10 584 røyster – 6367 røyster meir enn andreplassen.[8] Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest, der dei enda på tiandeplass – den nest beste plasseringa til Tsjekkia siden debuten i 2007.[9][10][11]
Remove ads
Besetning
Noverande medlemmar
Tidlegare medlemmar
- Andrea Šulcová (2016–18) – fløyte
- Tanita Yankova (2016–18; 2023) – vokal, fløyte, piano
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads